Kampen mot Manchester United i Lærdal er nett ferdig, og enda med 3-7-tap for dei brave Fitjar-gutane.

Det er Ole Bergesen som melder dette til Fitjarposten. Det blei eit knepent tap 7-3 mot eit stjernespekka United-lag i superveteranklassen, seier Ole. Målscorarar for Fitjar var Endre Bergesen, Arve Havnerås og Ketil Fykse.