-Slik lød kommentaren frå nokre elevar ved Sælevik skule då folk frå Vil-Vite senteret i Bergen både hadde show og undervisning på Rimbareid skule i føremiddag. 

I gymsalen var det sett opp eit planetarium med livaktig stjernehimmel inne i eit telt, og showet dei hadde på scena fengde òg alle med artige, spennande eksperiment, laga av enkle middel.

 

Elles vart det praktisk undervisning om lys og lyd samt om elektrisitet og magnetisme i to av klasseromma.

 

Både lærarar og elevar hadde berre lovord å seie om opplegget. Som ein parentes kan me nemne at lærarane på Rimbareid skule, òg fekk prøve seg på å lage ein bil driven av ein ballong og blåseinstrument av sugerør, under planleggingsdagen sin i går.