Nesten på heimebane, med vener og familie til stades, gav Ørjan Hatlevik alt. Han var i kjempeslag og gjorde ein knallkonsert saman med Idolgjengen som lagde show i Bømlohallen, torsdag ettermiddag.

Dei sju Idolfinalistane leverte ein variert og spennande konsert som fall godt i smak hos både vaksne, og ikkje minst hos 12-13 åringane, som det absolutt var flest av. I alt var det i overkant av 1200 som fekk med seg showet.

Eit av høgdepunkta var det Ørjan som gav oss då han med hjelp frå lokale born framførde Kent-låten «Dom som forsvann».

Utanom Ørjan vart me særleg imponert over Stine Hansen si energiske framføring av «Objection», Alexander With sin framføring av «Chariot» med eit enkelt flygel og Medley`en «Girls & Boys» der alle idolane synte herleg scene- og songglede!

Fitjarfolka me snakka med etter konserten var òg strålande nøgd – ikkje minst med Ørjan sin innsats. –Han song rett og slett som om det var han so hadde vunne heile greia, var ein av kommentarane me fekk med oss.

Dei lokale arrangørane fortener honnør for eit godt tilrettelagt og gjennomført arrangement.

Med god hjelp frå lokale born framførde Ørjan Hatlevik Kent-låten «Dom som forsvann». Foto: Håkon C. Hartvedt