Godt humør og eit nett med ballar var alt trenar Stein Gunnar Halleråker fekk med seg heim etter kveldens kamp mot Frøya. Foto: Kjetil Rydland.

Fotballdamene måtte gå heim med uforretta sak søndag kveld, etter at KM-kampen mot Frøya blei avbroten i pausen.

Før kveldens KM-kamp mot Frøya var det berre ein ting som gjaldt for Fitjar-damene: Å scora så mange mål som råd. Berre på den måten kunne dei ha teoretisk sjanse om å vinna årets krinsmeisterskap. Med 2-5 i målforskjell frå kampen mot Selbjørn var ikkje utgangspunktet det beste. Men ein kalassiger i kveld, og siger for Frøya i siste kamp mot Selbjørn, kunne gitt sluttspelsiger og krinsmeisterskap til slutt. Då ville alle tre laga blitt ståande på 3 poeng, og målforskjellen ville blitt avgjerande.

Men kva som no skjer, er heilt i det blå. Det såg lenge ut til at ønsket om storsiger kunne blitt oppfylt. Etter 0-1 i opningsminuttane, kom Fitjar-damene meir og meir i siget, og klarte å scora 3 mål før laga gjekk til pause. Og det kunne ha vore langt fleire mål, etter godt spel og mange store sjansar. Derfor såg damene med optimisme fram mot 2. omgang. Her var det berre å pøsa på og skaffa seg ein god målforskjell!

Men kva skjer i pausen? Det er litt uklart, men i alle høve kjem ikkje motstandarlaget på banen. Dermed kan ikkje 2. omgang avviklast. 3 poeng og 0-0 i målforskjell gagnar Fitjar lite. Då er kampen om krinsmeisterskapen avgjort allereie. No er damene spente på om Hordaland Fotballkrins har ein meir rettferdig måte å løysa floken på. Det vil dei komande dagane visa.

Godt humør og eit nett med ballar var alt trenar Stein Gunnar Halleråker fekk med seg heim etter kveldens kamp mot Frøya. Foto: Kjetil Rydland.