Laurdag klokka 15.00 spelar fotballdamene til Fitjar kamp om krinsmeisterskapen Hordaland Fotballkrins, 1. divisjon for sjuarlag.

Fitjar vann avdeling 1 og skal spela sluttspel, enkel serie mot dei to andre puljevinnarane i Hordaland. Selbjørn bllir motstandar på kunstgraset laurdag ettermiddag, i den første KM-kampen. Med siger i den kampen har dei ein alle tiders sjanse til å stikka av med krinsmeisterskapen. I så fall skal dei møta Frøya i Bergen om to veker. Der vil det heile avgjort. Taparen i morgondagens kamp får det tungt. Dei møter Frøya om ei veke, og er avhengige av at alle tre laga vinn kvar sin kamp, slik at målforskjellen til slutt avgjer.

Trenar Stein Gunnar Halleråker fortel at han mønstrar det beste mannskapet sitt. Alle som har vore med og ført laget fram til siger, stiller skadefrie. Om det ikkje held til siger i morgon, er det berre fordi Selbjørn er betre. Dei har ingen ting anna å skulda på.

Men både trenaren og damene håper på massiv støtte frå publikum. Damene er ikkje kresne når det gjeld vêr og vind; vonleg er ikkje publikum det heller. Stein Gunnar vonar folk møter opp i hopetal og heiar damene fram til siger.