– Framleis småskadde Tone Sandtorv Brakedal (15) trassa knesmertene og fossa sist helg inn til 13,46 og førsteplass på 100 m i krinsmeisterskapen på Fana stadion, fortel trenar Bård Inge Bø til fitjarposten.no.

– Med dette var ho knappe tre tidelar føre argaste konkurrent i motvinden. Tone er for tida ikkje i stand til å konkurrere i andre øvingar, grunna kneskaden, legg Bø til.

Ingressbilete: Tone Brakedal. Foto: Håkon C. Hartvedt