Torsdag 27. august startar KLUBBEN opp igjen på Fitjar Bedehus.

Går du i 5., 6. eller 7. klasse er du veldig velkomen då! Me startar opp klokka 18.45. Då veljer alle kva for ei gruppe dei vil vera på; matlaging på kjøkenet til alle oss andre, køyre radiostyrte bilar i kjellaren, mekka kassabil, humorgruppa, spele Playstation, ta morosame bilete på fotogruppa eller kanskje vere ute med skateboardet ditt? Fleire aktuelle grupper – nokre gongar er det også både musikk og scrapping.

Etter at me har aktivisert oss ei stund samlast alle i møtesalen for song og andakt, før det blir mat og den berømte karamell-quizen til slutt.

KLUBBEN sluttar av klokka 20.15.

Høyres dette kjekt ut? Håpar å sjå deg!

På Fitjar Bedehuset sine nettsider finn du datoar framover.

Helsing leiarane på KLUBBEN!