Torsdag 21.januar startar «Klubben» opp igjen etter nyttår!

Nytt dette halvåret er at me startar opp ei ny gruppe i gymsalen i tillegg til dei vi allereie har tilbod om på bedehuset. Den blir ikkje kvar gong, så det er viktig å sjekke nettsida til bedehuset for å sjå om det er gymsalgruppe eller ikkje denne gongen. Der ligg også datoane for våren.

No på torsdag møter dei som vil i gymsalen på Rimbareid skule kl 18.30 (hugs innesko!), og dei som vil på nokre av dei andre gruppene vil pleier å ha (kassabilmekking, køyre radiostyrte bilar, kjøken/matlaging, foto, scrapping, bordtennis…) møter til vanleg tid kl 18.45.

Kl 19.30  er det felles andakt, sang, mat og moro for alle fram til 20.15.

Har du ikkje vore med på Klubben før og går i 5., 6. eller 7.klasse er du hjarteleg velkomen til å bli med – det gjeld heile Fitjar; Stranda, Osterneset, sentrum, Øvrebygda og Dåfjorden!

Ta med 10 kr til mat! Kanskje vi ser deg der? 🙂