Torsdag 2. september startar Klubben på Fitjar Bedehus opp igjen, og vi ønskjer alle som går i 5., 6. eller 7. klasse velkommen. Det blir torsdagane i oddetalsvekene, også i haustferien. 
Klokkeslett: 18.45–20.15.

Opplegget er som det pleier; me startar med gruppeinndeling (scrapping, kjøken, radiostyrte bilar, tull&tøys, kassabil-mekking, bordtennis, foto, PlayStation og Skate-gruppe) klokka 18.45 som me held på med til klokka 19.30. Så er det andakt/song før me avsluttar med mat og, viss me rekk det, litt moro til slutt.

Skate-gruppa er ny i år, og her er det viktig med reglar for å unngå skadar. Me har bestemt at alle MÅ HA hjelm og beskyttelse på kne og alboge. I tillegg må dei som vil vere med på denne gruppa ha med eit underskrive skjema som du kan skrive ut frå framsida på bedehuset si nettside; www.fitjar-bedehus.no om at dei har tillating heime frå.

Håpar me ser ein god, kjekk Klubben-gjeng på torsdag!

Helsing alle leiarane J