Barnegospel har nesten ikkje komme seg ut dørane før Klubben er i gong kl 18.45 førstkommande torsdag, 15. januar.

Går du i 5., 6. eller 7.klasse er du velkommen på Klubben! Her er gjengen først fordelt i grupper og kan velgje mellom matlaging, playstation, radiostyrte bilar på innebane, foto, scrapping, kassabilmekking eller tull&tøys.

Etterpå har me andakt, spiser maten dei laga på matgruppa og har litt morro fram til me er ferdige kl 20.15

Ta med deg ein tiar og kom! 🙂