Torsdagskveldane er det no stor aktivitet i Fitjar Bedehus med fleire artige ting å gjere på for gutar og jenter i 5., 6. og 7.klasse.

-Det er eigne grupper som driv med Playstation på storskjerm, matlaging, foto og sketsjar/moro. Siste post om kvelden er måltid med det som matgruppa har laga. 

Fleire aktivitetar er under planlegging, og me er opne for forslag (og takksame for hjelp frå vaksne).

Vedlagte bilete er frå 27.september då over 30 ivrige ungdomar var samla, og fotogruppa starta opp.

Bileta er tekne av dei unge fotografane med ukjent lommekamera FØR me starta, fortel Torbjørn Hovland til Fitjarposten.no