
Det vert klesinnsamling ved Fitjar bedehus i morgon, torsdag. Det er organisasjonen Hjertelag Ukraina står bak.
Den humanitære misjonsorganisasjonen melder at dei samlar inn tøy til Ukraina denne hausten òg.
Bussen kjem til Fitjar i morgon, og vert ståande ved bedehuset frå kl. 17.00 til 19.00.
Dei ønskjer eit transportbidrag på 100 kr per sekk til å dekka diesel og vegavgifter.
Om du ikkje rekk dei i morgon, kan du nå dei på Heiane, bak Hydro Texaco, laurdag føremiddag.
Avreise for hjelpesendinga er 3. oktober, og då følger representantar for Hjertelag Ukraina tøyet ditt helt frem til mottaker.