– Barmhjertighetsbussen har kleinnsamling i Fitjar sentrum laurdag 8. mai frå kl. 10 til kl. 14.

Willy Ersland, leiar i Barmhjertighetsbussen på Stord fortel at det er fortsatt stor naud i Ukraina. Det er dit kle og sko frå våre overfyllte garderober endar.

Det skal være fleire slike innsamlingar rundt om i Sunnhordland i løpet av våren og sommaren. Merk deg dag og tid og finn fram gode og heile kle og sko som du kan avsjå til dette føremålet. Det vert som før rekna kr 100 i fraktstøtte pr. sekk.