Einar Matre og Terje Skorpen. vart under ei markering på Smedholmen laurdag 23.08, tildelt Johannes Kleppesvik sin minnepris for 2008.
-Dei to fekk prisen for sitt bidrag til å ta vare på Kystkulturen. Ved restaurering, drift og vedlikehald av seglkutteren Seladon, har dei teke vare på tradisjonar og kystkultur, og formidla dette vidare i møte med folka dei tek med seg på seglas langs kysten, heiter det i grunngjevinga for prisutdelinga til dei to fitjarbuane.
Kleppevik sin minnepris vert delt ut til personar, lag eller liknande, som legg ned mykje arbeid for å ta vare på historiske verdiar som gjeld kystkulturen i vårt distrikt.
Det er Sund kommune som gjennom ei stifting står bak tiltaket, og frå Sund kommune tok mellom anna ordførar Albrigt Sangholt, kultursjefen og døtrene til Johannes Kleppevik, del.
I samband med utdelinga vart det vidare matøkt, helsingar, litt song og musikk, samt omvisning på Smedholmen.