Onsdag ettermiddag 13. februar vert det innsamling av brukte klede og sko til trengande i Ukraina.

Organisasjonen som samlar inn er «Hjertelag Ukraina», ein organisasjon som har hovudsete på Skudenes i Karmøy. Men her på øya er det lokallaget på Stord ved Kjetil Eldøy, Nils Inge Hatlevik og Gjermund Johnsen som har teke  initiativ til innsamlinga.

Det vert køyrt hjelpesending med buss til byen Malyn, ca 100 km vest for Kiev to gonger i året. På desse turane er det med personar både  frå Stord og Karmøy.

Kjetil Eldøy forteI at det er svære kontrastar i Ukraina, og forskjellen på fattige og rike er svært stor.

– «Hjertelag Ukraina» har nyleg kjøpt ein kombibuss med stort lasterom. I hovudsak sender dei klede, skor og leiker, men det er også sendt mykje medisinsk overskotsutstyr og hjelpemiddel for funksjonshemma. Mellom anna ein hjartestartar.

Hjertelag Ukraina har ein samarbeidspartnar i Ukraina som står for distribusjon av det som vert samla inn. Dette er ein stiftelse som arbeider som eit ”frivillig sosialkontor”.

– At det er ein liten organisasjon med lokale, heimehøyrande menneske, gjer oss trygge på at hjelpa kjem fram og ikkje forsvinn i administrasjon, seier Eldøy. Han har vore med i organisasjonen i tre år, og har sjølv sett at hjelpa når fram til dei som treng han. «Hjertelag Ukraina» har samarbeid med gamleheim, sjukehus, barneheim, lokale skular og ein rusinstitusjon.