9. klassingane som gjekk ut frå Rimbareid skule våren 1976 markerte 50-års-dagane sine med klassefest over ein heil langhelg i Hardanger. To av lærarane dei hadde fekk dei òg med seg.

I Hardanger tok dei inn på Best Western Kinsarvik Fjord Hotell. Her hadde ein sett av svært god tid til mellom anna mimring, nydeleg mat og drikke – og lysbilete frå dei tida dei gjekk på Rimbareid skule.

Med i opplegget var òg vitjing på garden til Johannes H. Sekse som var klassestyrar for den eine av klassane. Her vanka det frukt og eplesider.

Klassane har heilt i frå ungdomsskuletida hatt eit fantastisk samhald og er allereie samde om eit nytt treff neste år. Då vert det fjelltur. Truleg i Hardanger det òg.