Nådde både etappemålet og samla inn masse pengar. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Stian Torland og Morten Bauge Torland har samla inn over 170.000 kroner til Barnekreftforeininga, og ynskjer å takka alle som hjelpte til.

– Eg kjem til å hugsa alle som har hjelpt til undervegs. Om det var med overnatting, hjelp til sykkeltrøbbel, å sykla saman med meg eller berre sendt fine ord og oppmuntringar. Ja, og so må ein ikkje gløyma alle dei utrulege folka som har gitt pengar til Barnekreftforeininga. Tusen takk, seier ein audmjuk Stian Torland.

Å sykla i midnattsol var fantastisk fortel brørne. Foto: privat

Han og broren Morten B. Torland hadde gitt seg sjølv ei stor utfordring; å sykla frå Nordkapp til Lindesnes på 7 etappar med mål om å samla inn pengar til Barnekreftforeininga.

24.juli skulle brørne fly til Honningsvåg. Der skulle dei henta syklane, som dei hadde sendt med Hurtigruta, gjera seg klare og sova før dei skulle ta til å sykla rundt midtnatt.

– Allereie på flyet tenkte me at tidsplanen gjekk skeis. Me fekk beskjed om at flyet truleg måtte landa i Hammarfest grunna veret, og tenkte at me måtte flytta startpunktet sidan me måtte sova før turen. Flyet landa heldigvis i Honningsvåg, men søvn vart det ikkje likevel. Me hadde rett og slett for mykje adrenalin i kroppen, ler Stian.

Ikkje alt går etter planen

Brørne heiv seg på sykkel ved midnatt frå Nordkapp. Dei hadde då vore vakne i 26 timar og hadde nesten 41 mil framfor seg til Storslett. Tidleg møtte dei mykje motvind som gjorde syklinga tung, og varmare temperaturar enn forventa førte til at maten deira vart forderva.

– Me skulle sykla på natta for å unngå trafikk, men utover turen gjekk me meir og meir vekk frå det. Varmen gjorde at maten måtte kjøpast etter kvart, og svært få butikkar er opne om natta. For mat må ein ha. På første etappen forbrann kroppen min rundt 10.000 kaloriar, medan han berre fekk inn 5000, fortel Stian.

Morten B. Torland på sykkelen. Foto: privat

Helsa først        

Andre etappe skulle gå frå Storslett til Narvik.

– Når det var rundt 8 mil att til Narvik byrja Morten å fortelja om smerter i kneet. Eg veit ikkje kor lenge han hadde hatt dei då. Det var ikkje kjekt å sjå bror sin i store smerter inn til Narvik. Helsa må gå først, og han gjorde eit korrekt val om å bryta.

Familien feira Morten sin innsats dagen før Stian kom i mål. Morten måtte tilbake til Ålesund med familien sin før han byrja på jobb att. Foto: privat

Stian Torland fortel at det var tøft å innstilla seg på å sykla aleine, men avtalen mellom dei to brørne hadde alltid vore at om ein måtte bryta skulle den andre i alle fall prøva å gjennomføra aleine.

– Tredje etappe vart tøff. Det var ein lang etappe, og det var vanskeleg å omstilla seg på at ein skulle sykla aleine. Når eg fekk problem med sykkelen på toppen av det heile gjekk eg nesten i kjellaren. MX Sport i Ballangen redda dagen, samt at andre syklistar meldte seg til å sykla saman med meg i nokre mil her og der.

Vidare på turen fekk han følgje av venar og personar i frå ulike Team Rynkeby lag.

– Det er so mange som fortener takk, at eg kan ikkje nemna dei alle no, men dei skal veta at eg aldri kjem til å gløyma dei, fortel ein audmjuk Stian.

Utlevert seg sjølv på internett

Undervegs har fleire hundre personar følgt brørne Torland sitt eventyr gjennom Facebook. Her har dei verkeleg våga å utlevera seg sjølv. Ingenting har vore hemmeleg, alt frå problem med fordøyingssystem til kviser har vorte delt.

– Det har kosta å ta opp mobilen å filma når ein er sliten og kanskje litt blank i auga, men det har vore verdt det. Mange har takka meg for at eg har vore so ærleg, seier Stian.

Stian har delt både opp- og nedturar undervegs. Foto: privat

Mange lurer på korleis han kom seg gjennom ein slik tur, og Stian fortel at mental trening er svaret.

– Eg har øvd meg på å jobba mentalt, finna «sona» og jobba framover. Særeg på den siste etappen trengte eg å vera mental sterk. Den vart lengre enn planlagt, sidan me sykla feil dagen før, og hadde rekna feil når me skulle sjå kor mange mil som var att. Dermed måtte søvnen vika, for det var uaktuelt å koma i mål på eit tidspunkt det ikkje gutane mine var vakne, seier Stian.

Gjensynsgleda var stor, og videoklippet av at Stian kjem til Lindesnes kan ein sjå her.

Vel framme etter fleirfaldige timar på sykkelsetet. Foto: privat

Siste sprell?

Baktanken med eventyret var å samla inn pengar til Barnekreftforeininga, og givargleda hos folk har vore stor. 137.500 kroner enda innsamlinga på, i tillegg samla dei inn vel 30.000 kroner før ved å lova å voksa leggene og ta tatovering. På toppen av dette kjem pengar folk har vippsa direkte til Team Rynkeby si innsamling til Barnekreftforeininga før sjølve eventyret starta.

– Det var heilt utruleg å opna spleisen for første gong på Lindesnes og sjå at folk har gitt so mykje pengar. Tusen takk.

Stian Torland fortel til slutt at 2021 truleg vert siste tur til Paris med Team Rynkeby for no. Framover skal eventyr med kona og gutane prioriterast.