Heretter kan klart glas og farga glas kastast om einannan i SIM sine konteinarar for glas- og metallemballasje, uansett kva som står skrive på konteinaren. Det same gjeld for hermetikkboksar.

Årsaka er at mottakarane av returglaset, Norsk GlassGjenvinning i Fredrikstad, har utstyr som sorterer glas og hermetikkboksar optisk i ettertid. Maskinane gjer jobben svært nøyaktig, og dermed slepp forbrukarane å tenkja på å sortera.

SIM har konteinarar for glas- og metallemballasje ståande på 70 sentrale stader kringom i Sunnhordland. Konteinarane vil verta omprofilerte etter kvart.

Torleif Agdestein, SIM