Wärtsilä Cup startar klokka 17 i dag, og det skal avviklast nærmare 80 fotballkampar før vinnarane er kåra laurdag ettermiddag.

Denne cupen er eit av dei store årlege høgdepunkta til fotballgruppa i Fitjar Idrettslag. Wärtsilä Cup er eit samarbeidprosjekt mellom fotballgruppa og Fitjar kultur- og idrettsbygg, ved Ole Bergesen. Han har stått i bresjen for denne innecupen 14 år på rad, heilt sidan storstova vår var ny.

Turneringa er delt inn i tre klassar, og nedre aldersgrense er 2000-modellar. Klasse 1 elite herrar er klassen for dei som ønskjer å bli best blant dei beste. Klassen er open både for aktive og ikkje aktive spelarar, og 12 lag har meldt seg på. I Klasse 2 open klasse damer stiller åtte lag, og klassen er open både for aktive og ikkje aktive. Klasse 3 open klasse herrar samlar resten av dei fotballglade herrane, og mønstrar denne gongen 15 lag. Her er det ikkje lov å stilla med aktive spelarar, bortsett frå at ein aktiv utespelar har lov å stå i mål.

Kvart lag stiller med totalt åtte spelarar, og fem på banen i kampane, som varer i 13 minutt. Av reglane ser me elles at keeper ikkje kan kasta ballen over midten utan kontakt med annan spelar, og sklitakling gir to minutts utvising. Spelarar som har delteke på seniorlag eller juniorlag i serien i 2014, er å rekna som aktive. Oldboysspelarar er ikkje aktive uansett, dersom dei fyller 34 år i 2015 eller før. Kampane blir avvikla med futsalball.

Cupen startar fredag 13. februar kl. 17.00 og pågår til laurdag 14. februar kl. 17.00. Då tar dei sikte på å vera ferdig med alle finaler. Etter finalane blir det bankett på Fitjar Fjordhotell for alle over 18 år.

Kampoppsett for Wärtsilä Cup 13.-14. februar 2015: