Ungdommens Kulturmønstring (UKM) for Bømlo, Tysnes, Stord og Fitjar vert arrangert førstkomande laurdag i Stord kulturhus. Det er 30 påmelde innslag. Av desse er fem frå Fitjar.

Vidare er det 15 innslag frå Stord, tre frå Bømlo og sju frå Tysnes. Det vert innslag med musikk, dans, stepping, rockering, triksing, devilsticks, dikt og kunst. Det er like mange påmelde som i fjor. Ein del har vore med før, men det er òg mange nye som har meldt seg på.

– Nytt i år er at det er auka interesse for å delta med kunst. (Seks deltakarar i år mot ein i fjor). Me har stor tru på at arrangementet vil by på mange flotte opplevingar og håpar sjølvsagt på godt publikumsoppmøte. Billettpris er kr 50,- per person, skriv kultursjef Bente Bjelland i ei pressemelding.

Frå Fitjar deltek Marthe Volden Nordfonn og Audun Arthur Mehammer med duettsong, Ingrid Bergesen med solosong, Danger Line (Arild Fitjar Waage, Marcus Opshaug Tranøy og Torstein Raunholm Kjelling) med trash/metall-musikk, Susanne Vestbøstad med song og gitarspel og Create (Ingrid Muri Slettebø og Tiril Einarsdotter) med dans.