Stord Fitjar Turlag er klar med Topptrimmen til påske. Kva er topptrimmen?
Dette er eit turopplegg som turlaget no har hatt i 10 år. Ved å kjøpa eit topptrimmkort der fem toppar i Stord /Fitjarfjellet er avmerka, er det berre å leggja ut på tur. Når ein har vore oppe på minst fire av desse toppane, har ein kravet til årsmerke inne. Dette opplegget kan fint kombinerast med turorienteringspostane som idrettslaga i Stord og Fitjar har lagt ut.
Dei toppane som er med i år er:
Beinatjødnsvarden, Veklsinuten, Dyvikesåto, Kattnakken og Mehammarsåto.
Korta kan kjøpast hjå Larsen i Fitjar, Magnussen på kaien i Sagvåg, Sykkel og Sport på Lervik og tidlegare "Maskinhjørna "på Lervik. Pris kr. 85.-
Me vil og oppfordra bedrifter til å kjøpa kort til sine tilsette. Dette kan vera ei god innvestering i bedre helse og trivsel.
Er det noko du lurer på angåande Topptrimmen ta gjerne kontakt på tlf 53 49 97 35
Helsing
Stord Fitjar Turlag
v/ Toralv Røen