Fitjar musikklag er klar med to spennande arrangement i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg no i oktober. Det første finn stad allereie førstkomande fredag ettermiddag.

– Musikklaget inviterer då til ein lett og ledig konsert med noko for heile familien og til hyggjelege prisar. Kr. 100 for vaksne, kr. 50 for barn under 15 år og kr. 200 for familiar, seier leiar Svein Olav Raunholm til fitjarposten.no.

Neste torsdag, 24. oktober, er det så duka for musikklaget sin tradisjonelle marknad med fine gevinstar, åresal, kaffi og kaker. Her vert òg skulekorpset med.