Søndag ettermiddag var 20 unge instruktørar samla til "pep-talk" med Roy Inge Stegane før fotballskulen, som startar måndag morgon. No er alt klappa og klart til; det einaste spenningsmomentet er veret. Pga. av mykje regn dei siste dagane blir første dag av fotballskulen avvikla på kunstgraset.

Baneansvarleg Geir Tore Søreide har rådd til at ein sparer grasbanen i morgon pga. av for mykje overvatn. Men om vêret betrar seg, er det godt håp om at dei to siste dagane går på naturgraset.

Veret er vanskeleg å spå om, men elles har fotballgruppa gjort alt dei kan for å førebu seg på å ta imot 102 ungar heilt ned i 7-årsalderen. Ann-Kristin Larsen Fitjar IL, fotballgruppa, fortel at interessa for fotballskulen har vore stor. Dei 100 plassane blei fylte opp veldig fort. Ho beklager at dei måtte seia nei til ein del, men dei har ikkje kapasitet til å ta imot fleire. Interessa for å vera med og hjelpa til har og vore stor. Søndag ettermiddag var dei 20 unge instruktørane samla for å få dei siste instruksjonane frå sportsleg ansvarleg, Roy Inge Stegane. Ungdommane har ikkje vore vanskelege å be; mange av dei tok kontakt med ein gong dei høyrde om fotballskulen. Fotballgruppa er takknemleg for at dei stiller opp.

Arrangementsansvarleg Ann-Kristin Larsen fortel at alt er under kontroll. Måndag morgon kl. 10.00 brakar det laus på kunstgraset.

Så er det berre å håpa at vêrgudane har fått med seg at det er bestilt godvêr…