Fotballgruppa melder at alt er klappa og klart til SPAR Fitjar Cup på grasbanen til helga.

Til saman 76 lag er påmelde, frå Austevoll, Bømlo, Stord og Fitjar. Kampane begynner laurdag morgon klokka 10.00. Så går det slag i slag utover laurdagen, til rundt kl. 16.00. Søndag kl. 10.00 startar kampane opp igjen, og varer fram til kl. 15.

Fotballgruppa ønskjer spelarar og lagleiarar velkomne, og håper elles på mannjamt frammøte frå søsken, foreldre og andre kjente. Dei lokkar med mykje god fotball og sal av pølser, brus, is og heimebakte kaker.