Fitjar Idrettslag har gjort alt klart til å ta imot minifotballspelarar frå heile Stordøyo til helga.

Anne Helene Vestbøstad i fotballgruppa fortel at 57 lag er ventande til Fitjar Idrettspark førstkomande laurdag og søndag. Dette er ein liten nedgang frå i fjor, og i år eg alle laga frå Stordøyo, frå klubbane Solid, Stord og Trott, i tillegg til vertsklubben Fitjar. Kampane startar laurdag morgon kl. 10.00 presis, og er ferdige rundt kl. 16.00 søndag. Laurdag stiller 25 lag frå årsklassane 2003 og 2004, og søndag er dei dei minste sin tur. Då kjem 32 lag i årsklassane 2005 og 2006. For mange av dei aller yngste er det fakstisk første gongen dei spelar ein fotballkamp!

Debutantar blir også mange av dommarane i årets Spar Fitjar Cup. Tradisjonen tru får dei ferske dommarane sin elddåp i denne turneringa. Roald Magne Nilsen har også i år kursa ein del nye, håpefulle fotballdommarar på 13 år. Torsdag kveld fekk desse, saman med nokre dommarar frå fjorårskullet, dei siste instruksjonane før turneringa i helga.

I Fitjar Idrettspark har banemeister Geir Tore Søreide og Martin Hatlevik merkt opp til seks minibanar på grasmatta. Dermed skulle det meste vera klart til årets største arrangement for fotballgruppa i Fitjar Idrettslag. Måtte vergudane og alle andre stå den kjekke bi, slik at turneringa blir ein suksess i år også.