Etter at kabareten ”Håtta du?” vart framført i vår har det mest vore eit folkekrav om at han vert sett opp att. Det skjer førstkomande laurdag kl 18.00 i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Då vert det igjen viser, prologar, gamle bilete og korte smakebitar frå den nye jubileumsboka om Fitjar. Og etter framsyninga er det høve til å kjøpe boka.

Dei som er med i kabareten er: Osternes Mannskor, Ann-Sofie Drønen, Torhild Andersen, Tom Rydland, Henning Wichmann, Karvel Strømme, Magnar Kloster, Harald Johan Sandvik, Kjetil Rydland og Harald Westerheim, Per Drønen og Svein Kåre Meling. Musikarar er: Svein Tørnquist (flygel), Harald Rydland (trekkspel), Heine Helland (bass).

Tekstane er av Tora Vestbøstad, Lars, Jakob og Harald Vik.

Billettar hos Thea Træet, Fitjar folkebibliotek eller per tlf. 480 48 731.  Billettpris kr. 150,-