Torsdag kjem den velkjende artisten Ole Paus til Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Konserten vert i Kultursalen. Foto: Nina Djerv

Ole Paus treng elles ikkje mykje presentasjon. Med sterke tekstar og fint gitarspel er han vel kjend over heile landet. Men vil du høyre han «live» er det truleg lurt å ta turen til Kulturhuset på torsdag.

I juni legg  Paus opp som plateartist. Det gjer han med eit trippelalbum. Elles har Paus gjennom sin over 40-år lange karriere laga over 30 plater – i tillegg er stikkord som bøker, teater, film og ein opera-libretto knytt til han.

Til Fitjar kjem han åleine med gitaren, og det er formidlaren Ole Paus du får møte på konserten i Kulturhuset – og det er nok mange som set pris å at han kjem nettopp slik.

-Det er framleis høve til å skaffa seg billettar. Du kan bestille på sms 941 32 310, på mail: ole@fkib.no – eller kjøpe i døra på torsdag, opplyser Ole Bergesen.