Fitjar sokneråd sine babysongkurs har vore populære og det er no opna for påmelding til nytt kurs. Alle som har babyar som er fødde siste halvdel av 2010 eller i 2011 er velkomne til å melda seg på haustens kurs.

Soknerådet i Fitjar har arrangert småbarnstreff og babysong på Fitjar bedehus sidan januar 2001, og feira 10-årsjubileum vinteren 2011. Babysongkurset er for babyar mellom 0 månader og ca 15 månader. Dei som melder seg på kurset er gjerne mellom 6 veker og 9 månader ved oppstart. Babyen melder seg på saman med ein vaksen, og spesielt i starten er det gjerne mamma som har permisjon og som har høve til å vera med. Kurset består av 8 samlingar, på føremiddagstid, og startar med ein halv times songstund før det er nistemåltid og tid til prat for dei vaksne.

På loftet på bedehuset vert det lagt fram instrument, tørkle, laken, «sjø» og ei stor dyna som babyane får liggja på. Det kan vera lurt å ta med ein gulpeklut til å leggja under hovudet på babyen. Dei vaksne sit rundt og syng ulike barnesongar for babyane, spelar på instrument for dei, fortel dei regler m.m.. Noko skjer sittande, anna ståande. Babyane får mange ulike opplevingar knytt til musikken, og målet er at desse samlingane skal gje foreldra og babyen gode felles opplevingar og at ein gjennom å friska opp «gamle» barnesongar og å læra seg nye songar kan verta inspirert til å synga for og med ungane. Babysongkurset er ein del av trusopplæringa til kyrkja, og inneheld både kristne barnesongar og andre barnesongar.

Dei som ynskjer å delta på kurset i haust kan melda seg på ved å ringa/senda melding med namn og alder på barnet og namn og telefon-nummer til den vaksne til Astrid Koløen Prestbø 976 25 833 eller Helga Rimmereid 975 28 001. Frist for påmelding er 26. august, og oppstart er onsdag 31. august kl. 10.30. Kurset kostar 140,-. Då får ein servert saft/kaffi/te på samlingane, ein får med seg heim eit enkelt songhefte med dei songane og reglene ein nyttar på kurset og ein dobbel cd med songar laga spesielt til babysong. Ein bør ta med seg tøflar/tjukke sokkar, kopp, nista og gulpeklut. Samlinga vert avslutta klokka 12.00. Program for hausten kan ein finna på kalenderen her på Fitjarposten og på oppslagstavla hos Larsen.

Dei som deltok på kurset i vår og som fortsatt er babyar kan vera med på nytt kurs i haust.

Småbarnstreff, som går parallelt med babysongkurset og som held til i hovudetasjen på bedehuset, er for ungar mellom 0 år og 6 år saman med ein vaksen. Dei har og songstund, nistemåltid og til slutt tid til leik og prat. Desse samlingane har ingen begrensing på mengde ungar, krev ikkje påmelding og kostar ikkje noko. Alle er velkomne her, og dei med heilt små ungar.

Ta kontakt med Astrid K. Prestbø eller Helga Rimmereid om du lurer på noko.