Fellesmøta i Øvrebygda er etter kvart blitt ein årviss tradisjon. Frå torsdag 15. mars til søndag 18. mars vert det møte på Øvrebygda skule.

I år vert det Halvard Hasseløy som som talar i fellesmøta. Han er dagleg leiar i Open Heart. Dei hjelper fattige i Vest-Europa, og tusenvis av av menneske har allereie nytt godt av hjelpa. I tillegg har mange blitt frelst og fått eit heilt nytt liv.

– Kom på møte desse dagene. Halvard Hasseløy er ein enkel og klar forkynnar av Guds ord. Det blir lokale songkrefter som syng og spelar, oppmodar Jarle Karlsen i arrangørstaben.

Det er pinsemenigheten Stord/Fitjar og Øvrebygda Bedehus som arrangerer desse fellesmøta.

Alle møta startar kl. 19.30.