I morgon startar ei ny superhelg i Fitjar med såpejubileum, julemesse peparkakeby, søndagsope, julegrantenning og fakkeltog – også denne helga er det vel verdt å ta turen til Fitjar sentrum.

Det startar altså laurdag 1. desember. Då skjer det minst to ting utanom det vanlege.

Fitjar såpekokeri som sel såper mest over heile verda jubilerer med heilt spesiell såpekake. Her har du òg eit unikt høve til å skaffa deg desse heilt spesiell såpe- og barberprodukta.

I tillegg  startar Barne- og ungdomsgjengen ved Fitjar vidaregåande skule bygginga av peparkakeby i 2. etasje hos Varehuset Larsen, i gangen mellom Cafe Annemor og Hårloftet. Her kan du sjå på kva som er på gang og svært gjerne delta sjølv med eige kakebygg (Hugs å merke det. Premieutdeling seinare). Borna kan òg ha med seg sjølvbaka peparkakemenn og få skrive namnet sitt på dei med melis. Desse kakemennene vert del av ei eiga utstilling. (Ein kan levera inn heilt til 15. desember. Då skal byen gjerast ferdig. Premiering vil finna stad 21. desember.)

Laurdag er det òg julemesse på Fitjar bedehus med grautsal kl. 12.00, barnemesse 13.30 og hovudmesse med tale av Trygve Eiken kl. 16.30. Det vert åresal, matøkt og trekking av bøker.

Søndag er det søndagsope. Butikkane opnar klokka 14.00 og held ope til klokka 17.00 med mange gode tilbod.

Klokka 16.00 startar det stemningsfulle fakkeltoget før julegrana vert tent ein time seinare, altså kl. 17.00. Fitjar skulekorps vil då vere på plass og skapa ekstra julestemning. Etter det Fitjarposten har fått vite er det eit ekstra fint juletre med mange og nye lys i år. Som i fjor vil ordførar Wenche Tislevoll halde appell før grana vert tent.

Nissane vil dukke opp med gåver til dei små, og niandeklassane ved Rimbareid skule vil selje pølser og vaflar til inntekt for tur med «dei kvite bussane». Desse turane til Polen og Auschwitz har gjort varige inntrykk på tidlegare fitjarelevar som har vore der. Først og fremst vert det ein herleg, stemningsfull, sosial happening som lyser opp i vintermørkret.

Kva er då meir naturleg enn at det heile vert slutta av med Lysmesse i Fitjar kyrkje klokka 20.00?