I morgon er det ny songstund på Cafe Annemor
Songstundane på Cafe Annemor er eit allsongsopplegg med Lars, Jakob og Håkon der ein syng gamle slagarar og skulesongboksongar i spedd morosame historier.
Alle som likar å syngja er velkomne. Me syng ein halv time, og så er det ein like lang matøkt før me syng ein halv time til. Det heile, inklusiv servering, kostar kr. 70,-