I dag kl 15.00 er det premiere på Mostraspelet 2015, «Kristkongane på Moster». I forkant (kl 12.00) er det utdeling av Mostrastongprisen. Begge delar skjer i Moster Amfi.

 

-Me er stolte over å presentere dette storslåtte spelet for 31. gong i pinsehelga 2015. Etter eit års opphald, ser me fram til å nok ein gong fortelja om hendingane som skjedde på Moster rundt tusenårsskiftet, fortel arrangørane av årets Mostraspel.

Tora Mostrastongprisen, som fitjarposten tidlegare har skrive om, går i år som kjent til Gerda Rongevær frå Stord. Ho får prisen for sitt sterke humanitære engasjement gjennom drifta av Toro Babies Home i Fort Portal i Uganda. Prisen vert utdelt av «Foreininga Tora Mostrastongprisen» – men har ikkje nokon direkte tlknyting til Mostraspelet.