Har køyreløypa klar til årets utradisjonelle 17.mai-tog.

I førre veke skreiv me om Sigurd Andre Maraas og 17.mai-komiteen på Fitjar som ville ha med folk til eit alternativ 17.mai-tog. Eit MC-tog, der ein kunne få vera med so lenge ein hadde noko på 2 hjul med motor.

Sigurd Andre Maraas på sin doning.

Maraas uttala då at toget vart reelt om han fekk nok folk med seg. No kan han bekrefta til Fitjarposten at det vert tog og opplyser at køyreruta er lagt opp.

– Planen er å køyra kl 10.00, i vist løype via hotellet, Havn, Rossneset og Fitjarstølane. Deretter rundt Storavatnet (Vestbøstad – Helland – Rydland – Tveita – Sentrum att).

– Bommen mellom hotellet og aldersheimen vert opna. Det same gjeld bommen mellom Havnahagen og Rossneset.

Maraas håpar mange vert med, og ein må gjerna pynta sykkelen med flagg eller anna.

Eller minnar han alle som vil vera med om å køyra forsiktig, og om å halda avstand på parkeringsplassen der dei skal samlast.