Førstkomande torsdag kjem den amerikanske songgruppa «Sisters» til Fitjar. Det i seg sjølv er ganske utruleg.

Hadde det ikkje vore for at vårt eigen songgruppe «Praise Him» hadde treft dei  i 2010 då både dei og «Sisters» opptredde saman under Gospel Music Convention Scotland, hadde me nok heller ikkje fått dei hit til bygda.

– Men dei blei raskt yndlingsgruppa til Praise Him-damene, og no kjem dei altså.

– «Sisters» består av tre systre som har sunge heile livet – ikkje alltid som den gruppa dei er nå, men i ulike songgrupper og samansetjingar. Men no er dei altså Sisters, og dei har ein utruleg flott sound som syskjen veldig ofte har. I USA reiser nokre kristne grupper på full tid med musikken, og Sisters er ei av gruppene som klarer dette, skriv Kjerstin Stokken på Facebook. Ho understrekar vidare at alle songane vil kome i norsk oversetjing på veggen – og takkar næringslivet i Fitjar for støtta dei har fått til å kunne arrangere denne konserten.

Høgt nivå
– Dette blir ein konsert med høgt musikalsk nivå, og dei sprer ei glede rett frå hjarta til hjarta! Dei har ei herleg live utstråling som me gler oss til me har på scenen på Fitjar, seier Stokken til slutt – og vonar at folk ifrå heile området rundt oss vil koma på konserten.

Praise Him vert òg med på konserten, denne gongen som «oppvarminsband».

Sjå elles annonse oppe til høgre på denne sida.