Ungdommens Kulturmønstring (UKM) er i år lagt til Fitjar. Og me finn mange lokale talent mellom utøvarane.

På scena får me mellom anna høyre song av Johanne Fangel Brekke og Siri Eidsnes, og Ole Andrè Westerheim, som har gått til topps fleire gongar før i denne konkurransen, framfører denne gongen musikk saman med både Asbjørn Isdahl, og Inghild (etternamnet ikkje oppgjeve).

8.klassingen Audun- Arthur Mehammer vil òg ta del med song og spel.

På utstillinga finn me svært mange verk av Karina Raunholm (over 10). Både komputergrafikk og foto. Og Hilja Marie Korsnes deltek med måleri i olje og akryl.

Det heile startar med utstillingsopning kl. 13.30, og så går det slag i slag på scena utover dagen.