-Set av 8.mars klokka 20.00.Då vert det kulturmønstring i kultursalen, i Fitjar Kultur- og idrettsbygg, opplyser Terje Træet til fitjarposten.no

-Me er så heldige at mange gode musikk- og kulturkrefter i bygda, har anledning til å vera med denne dagen. Me nevner mellom anna Ole Andrè Westerheim og Siri Eidsnes, som nett har vore med i ungdomens kulturmønstring, og vidare Irene Simonsen, Fitjar Musikklag, Fitjar Skulekorps, Per Drønen, Rivivels, Ole Bergesen, Henning Wichmann Martin Hatlevik, med fleire.

Dersom det er nokon me har gløymt å spørja som ynskjer å delta, kan dei ta kontakt med Terje Træet tlf 901 45 272 eller Terje Vidar Vestvik tlf 970 26 496 so skal me sjå kva me kan få til, skriv Terje.

Inntektene til bygget

Inntektene frå denne mønstringa går til drift av bygget, slik at aktivitetar som til dømes ungdomsarbeid og kino kan oppretthaldast.

Alle aktørar og støttepersonell opptrer gratis, og no håpar me at fitjarbuar og andre, viser at dei ynskjer aktivitet med å stilla opp. Me håpar salen vert fullsett denne kvelden. Dette vil verta ein brei og allsidig kulturkveld.

Billettprisen er sett til kr 250,-. Dette for at det i tillegg til underhaldning òg er ein dugnad.
Billettar vert selde hos Thea Træet as, Odd Larsen as, Kundetorget i Rådhuset og på Biblioteket.
Billettane vil òg gje gratis tilgjenge på Fitjar Fjordhotell etter Kulturmønstringa

-Kjøp billettar og vis at du støttar Fitjarkulturen, oppfordrar arrangørane til slutt.