7.klassingane på Rimbareid skule framfører torsdag julespelet «En glede for hele folket».

Spelet er skriven av Alf Georg Østrebrøt, og etter kvart er det blitt ein tradisjon at 7. klassingane ved Rimbareid Skule framfører dette før jul.

Så i morgon, tordag, er det berre å møte opp i Gymsalen ved Rimbareid skule, om du vil ha med deg spelet. Det heile startar kl. 19.00, men erfaringsmessig løner det seg å vere ute i god tid.