Laurdag er det igjen basar på Hatlevik. Med kjempeflotte gevinstar, musikk og auksjon er det duka for nok ein feststund i vårt vakre øyrike. Det heile startar klokka 12:30.

Auksjonarius i år er ordførar Harald Rydland mens prost Svein Arne Theodorsen held andakt. Det vert gratis servering av mat, saft og kaffi. I tillegg vert det song av mellom anna Sissi og Johannes Kringlebotn og husorkesteret.

Betelskipet «Elieser 6» vil òg vera på plass.

Det går båt frå Sagvåg kl. 11.00 med retur etter basaren. Elles veit nok fitjarbuen å finna vegen til Hatlevik med eigen skyss òg.