Førstkomande onsdag er det klart for det første «Fitjar got talent» i Kultursalen, etter mønster av «Norske talenter».

– Så ver klar for showtime onsdag kl. 19.00 i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Det er fri entre for alle og både vaksne og barn er velkomne, seier Ole Bergesen.

– I alt vert det 15 innslag, og målsetjinga er at innslaga er av slik kvalitet at dei fleste får delta i finalen under Fitjarfestivalen 20. august, legg Bergesen til.