I morgon, fredag 17. april, kjem MOT-turneen til Fitjar for første gong. Med på laget har dei X-factorvinnar og MOT-ambassadør Chand. Elevar frå Rimbareid skule vil og delta på MOT-dagen, som inneheld årsmøte, konsert og inspirasjonsføredrag. Pressefoto: Renate Brønstad

– Fitjar er ein av 55 heldige plassar som får besøk av MOT-turnéen som skal være en aktivitetsdag for ungdom. Vi har med MOT-artistar, men det viktigaste er ungdommen sine bidrag. Vi gler oss masse til å besøke ungdommane i Fitjar, seier turnéleiar Tore Sandnes i ei pressemelding.

Det heile startar med årsmøte i vår lokale MOT-avdeling. Det skjer på Rådhuset frå morgonen av. Her vil ein mellom anna snakka om kva som fungerer bra, kva ein ønsker frå MOT-sentralt og tankar framover som lokalsamfunn med MOT.

Konsert
Deretter er det klart for MOT-konsert i Kultursalen. Ein konsert for 7.-10.trinn på Rimbareid skule, pluss rundt 100 elevar frå Fitjar vgs.
I tillegg til Chand og MOT sine musikarar og opplegg elles vil Rimbareid elevar delta med korsong, band, solistar og dans.

Foredrag
MOT-dagen vert avrunda med føredrag på Fitjar vgs med temaet «Mot til å gjera ein forskjell», med undertitlar:

  • Korleis gå frå å villa gjera ein forskjell til faktisk å gjera det?
    Korleis styrka ditt eige mot  –  slik at du kan styrka andre sitt?
    Korleis laga miljø med ein positiv atmosfære der ein bryr seg og inkluderer?

Målgruppa for foredraget er kommune- og skuleleiing, kommunetilsette, skulepersonalet, trenarar, frivillige organisasjonsleiarar, foreldre, lokale næringslivsleiarar og andre.

 

 

MOT er ein haldningsskapende organisasjon som jobbar for og med ungdom. MOT sitt mål er å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø.