Ole Bergesen er dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Ingrid Hovstad

– Me vil at det skal skje noko kjekt i bygda, og det er ei stor glede å invitera til sommarkonsert i Moahagen 20.juni, fortel Ole Bergesen.

Den blide daglege leiaren ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel at det vert ein spennande og variert konsert, med fleire flinke, lokale artistar.

– Me har fått med oss Fitjar kammerkor, Ole Andre Westerheim, Ingrid Skår Bergesen, Karine Tveit Lillenes, Årstein Tislevoll, Thea Træet og Silje Rydland. So dette kan ikkje bli noko anna enn ei magisk aftan.

Alle artistane vil spela nokre låtar kvar, og Bergesen lovar skikkeleg lyd.

– Me har fått med oss Svein Ragnar Myklebust som kapellmeister. Han tek med seg eit dyktig band, og med hjelp frå Vest Lyd vert det musikk av høgste kvalitet.

Bergesen sjølv skal leia kvelden saman med Terje Træet, og kjenner me humorduoen rett vert det morosame kommentar og innslag mellom artistane.

Noko kjekt for bygda

Fitjar kultur- og idrettsbygg er arrangør, men har med seg kommunen og Fitjar Kraftlag som samarbeidspartnarar.

– Me var einige om at me ville at det skulle skje noko i bygda. Me håpar dette kan vera ei fin oppleving for Fitjarbuen. Det har vore eit spesielt år der det meste folk gler seg til har vorte eller er avlyst. Difor tykte me «endeleg noko å gle seg til» var eit passande namn til hendinga, fortel Bergesen.

Han fortel at det er god sitjeplass i Moahagen, og familiar får sjølvsagt sitja saman.

– Eit sitjeunderlag kan vera lurt, både om ein skal sitja på tribunen eller på graset, tipsar Bergesen.

Lurt å kjøpa på førehand

Koronareglar gjer at det berre er 200 billettar til kvelden, so det kan det vera lurt å kjøpa bilettar på førehand til konserten som skal starta kl.18.00.

– Me håpar jo at folk er flinke til å tinga på førehand, so me slepp visa folk vekk om det kjem for mange. Til no har me ikkje selt so mange. Eg håpar folk sit på gjerdet fordi dei er redd for dårleg ver. Hittil er det meldt bra, so eg kryssar fingrane for at det vert fint ver.

Bergesen informerer om at det berre er mogleg å betala med vipps. Det gjeld for dei som kjøper på førehand, og dei som kjem i «døra».

– Eg har trua på at dette vert ein kjempekjekk kveld. Ikkje berre for publikum, men ogso for artistane som skal få boltra seg att, avsluttar Bergesen.