Bilete av herrelaget frå 2018. Foto: Fitjar IL

Fitjar Idrettslag sender to lag til årets Veterancup i indre Sogn, og gjengen på 18 personar er klare for ei kjekke helg.

Cupen i Lærdal vert arrangert for 22. året til neste helg, og Fitjar stiller lag i Herrar +40 (veteran) og Damer Veteran. Damelaget stiller med det flotte namnet Golden Girls.

Fitjar har til no ingen topp-plasseringar i cupen, men seier dei alltid har trua, sjølv om til dømes lag som Brann er sterkare på papiret. Fitjar sine lag er blant dei 50 laga som deltek i klubbturneringa.

Ole Bergesen tek jobben som reiseleiar svært seriøst.

– Om ikkje Fitjar dominerer øvst på pallen, so har dei i alle fall tilført cupen ein sosial profil utan sidestykke i fotballverda, fortel den oppglødde turneringsleiaren Roald Flodsand. Han tykkjer det er stas at Fitjar stiller med lag for 14. året på rad.

Ole Bergesen er reiseleiar frå Fitjar, og ser ut til å gjera ein god jobb ut frå jakka han har fått seg.

– Me gler oss til ei ny helg i Lærdal, der får me alltid rikeleg med gode sportslege og sosiale opplevingar, melder den allereie reiseklare Bergesen.

I år vert det eigen landslagsklasse på turnering, og Noreg skal møta Island, Danmark, Finland og Færøyane. Frode Grodås, Håvard Flo, Eirik Bakke, Kjetil Wæhler, Stig Inge Bjørnebye, Roar Strand, Dan Eggen, og John Arne Riise er spelarane Noreg stiller med i det «uoffisielle» nordiske meisterskapet i Veteranfotball.