Når Ungdommens kulturmønstring (UKM) startar i Kulturhuset på Stord laurdag ettermiddag, er Fitjar sterkt representert.

Fitjar stiller ikkje berre med artistar, men er òg sterkt med  på arrangørsida. I tillegg skal Torstein Træet og Morten Korsvik prøve seg som programleiarar. Fitjar er óg representert med Årstein Tislevoll i juryen.

Artistane som stiller frå Fitjar denne gongen er Silje Rydland og Ingrid Bergesen på song, Tor Håkon Aarbø på piano og Emilie Haukeland og Stina Vik i klassen for måleri og teikning.

På arrangørsida stiller heile Fitjar Ungdomsråd.
-Kjekt å bli spurt om det, seier rådet  med leiar Solveig Lambach Fitjar i spissen. Eit engasjert ungdomsråd som Fitjarposten skal koma tilbake til i ein annan samanheng.

Ungdomsrådet skal backe opp deltakarane og  gjere teneste i resepsjon, som dørvakter, med billettsal og meire til.

Det er kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland som har gjeve dei oppdraget.

-Tanken er å gi ungdommanei trening, så kan dei kanskje stille i konkurransen som arrangørar neste år, seier ho.

Noko av det samme gjeld Torstein og Morten som programleiarar.

-Det finst ein klasse for konferansierar, så kanskje vil dette inspirere dei  til å  prøve seg i den konkurransen neste år, smiler Bjelland, som vonar fitjarfolk kjem for å vere publikum.

I forhold til 2013 er det rundt 20 prosent fleire deltakarar som stiller  på UKM på Stord denne gongen.