Revyartistar frå store delar av Vestlandet er i dag i ferd med å innta Fitjar i samband med Revyfestivalen. Fitjarposten møtte ei gruppe frå Høle revyteater.

Nokre av dei hadde vore med på Vestlandsmeisterskapen i Revy på Fitjar ein gong tidlegare, andre var her for første gong. Men alle syntest det var kjempespennande å vere på plass.

Damene fortel oss at dei kjem frå Sandnes kommune, frå ein plass ikkje langt ifrå Preikestolen, og at nummeret dei skal framføre heiter «Trekkfuglene». Det kan nok bli mykje moro ut av det.

Revyfestivalen startar i kveld med 1. kvalifisering, og forset i morgon med 2. kvalifisering – og finale om kvelden. (Sjå annonse litt nede på nettsida).

Det vert òg meldt om ei rekkje lokale innslag. Både Ole Bergesen, Henning Wichmann, Geir Bjarte Hatlevik og Ole André Westerheim skal i elden. Det er berre å ønskje: Lukka te!

Lattermusklane skal nok få køyrt seg i helga!

 

Ingressbilete: Gjengen frå Høle revyteater. F.v. Ingunn Einarsen, Anita Vervik, Wenche B. Alsvik, Kirsti Sofie Sandvik og Ruth T. Borsheim, fotografert i Larsen Multihandel. Foto: Håkon C. Hartvedt