Førstkomande laurdag er det duka for Queenkonsert i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg med Ole Andre Westerheim i spissen. På biletet ser me f.v. Mathilde Sele, Karine Lillenes, Ingrid Skår Bergesen, Marthe Nordfonn, Sondre Landvik og Ole André Westerheim. Foto: Håkon C. Hartvedt

 -Me legg opp til ein konsert der me òg vonar at folk vil syngja med. Alle dei mest kjende hit-ane er med i programmet, smiler Ole André og listar opp kjende låtar som: We will rock you, We are the champions, Radio Gaga og The show must go on. 

Konserten finn stad i Kultursalen. Denne gongen med langbord og servering.