Geir Skeie skal såvisst ikkje vere utan lokal heiagjeng når han kjemper i verdsmeisterskapen i kokkekunst i Lyon 28. januar. Mellom anna vil ein heil gjeng fitjarbuar vere på plass på tribunen.

Berre i gjengen rundt  lærarar og tidlegare elevar frå Fitjar Vidaregåande Skule er det rundt 30 som reiser. I tillegg vil nok familie og andre vere på plass når Geir kjempar i Bocuse d`Or, saman med dei beste kokkane i verda.

Gruppa på biletet ovanfor, som måndag morgon reiser frå Fitjar, har mellom anna laga eit svært banner med namnet Geir Skeie innråma med eit norsk flagg på kvar side. Eit heiarop er òg på gang, men det er hemmeleg. Likevel er det godt mogeleg at det vert på både fitjarmål og engelsk, let gjengen oss vite.

I Frankrike blir det òg tid til litt sightseeing, og så skal dei ha felles måltid.

-Det beste av dei blir nok banketten, onsdag kveld, etter at Geir Skeie vonadleg er kåra til verdsmeister, noko Sigmund Hopperstad for øvrig ikkje er i tvil om. -Han vinn!, seier han, utan det minste fnugg av tvil i stemma. Sjå og heimesida til Fitjar Vidaregåande Skule. (Du kan klikke på link-knappen deira, nede til venstre på denne sida.)

Sjå også video på DNtv:
– Jeg blir skuffet hvis jeg ikke vinner

Les òg ein lengre artikkel på dn.no:
– Har jobbet mot dette i femten år