Engesundjenta Merethe Polden Karlsen og ektemannen Raymond Karlsen dreg, på flo sjø i dag, frå Grønavikjo med seglbåten «Verbena» på 41 fot. Målet for turen er Karibien, og dei skal vere på langtur eit heilt år. 

Dei jobbar begge to på Hurtigruten «Midnattsol», Merethe som hovmeister og Raymond som matros. Dei har fått permisjon fram til august neste å for å gjennomføre seglinga, og det er ikkje fritt for at kollegaene deira er litt småmisunnelege. 

– I 2004 var eg på båt på Svalbard. Det var drivis, og ein del båtar fraus fast i isen. Etter ei tid gjekk dei tomme for både diesel og vatn, og det vart då min jobb å forsyne dei med dette. Mellom båtane var det ein seglbåt med seks franske jenter, og eg tenkte: – Kan dei dra på langtur med seglbåt, kan eg òg. Eg nemnde det for Merethe, og ho svarte kjapt og kontant:  – Eg er med, fortel Raymond på spørsmål om korleis denne turen vart bestemt.

Sidan 2006 har dei så planlagt det heile. Likevel er dei framleis noko opne med omsyn til ruta dei skal segle. 

– Men sørover vert det nok slik: Fitjar-Egersund -Den engelske kanal – Biscaya-Kanariøyane-Atlanterhavet -Barbados. Så får vi ta det derifrå, smiler dei.

– Kva ser de på som den største utfordringa?

– Det er om vi skulle bli sjuke. På den lengste etappen vil vi vere på sjøen i tre veker, og å bli sjuk då, vil ikkje vere bra. Men vi har satellitt-telefon og kan påkalle hjelp om nødvendig, får vi vite.

Straumen om bord skaffar dei seg ved hjelp av solcellepanel og ein vindgenerator.

– Du kan jo kalle han den første vindmølla i Fitjar, ler dei.

Vil du følgje Merethe og Raymond på ferda, kan du klikke her.