Gler seg til å koma i gong. Foto: Leiargruppa

Inviterer foresatte til oppstartmøte: – gler oss over å ha Speidar i Fitjar att.

I vår leita KFUK-KFUM-speidaren etter vaksne som ville gje born og ungdomar gode friluftsopplevingar på Fitjar, slik at ein etter nokre år pause kunne få liv att i Speidaren på Fitjar.

– Flinke vaksne, som likar desse tinga, må til for å driva ei speidargruppa i Fitjar, fortalde vekst- og organisasjonsutviklingskonsulent i KFUK-KFUM-speidaren Magnus Heltne.

Og flinke vaksne fann han! Lilliane Drønen Jæger skal leia speidaregruppa med god hjelp frå Merete Drønen, Elias Huse Eikrem, Gaute Levåg, Kari Nøstbakken og Janne Koløen. 

Foto: Leiargruppa

Dei inviterer til oppstartsmøte på leirplassen i Gjersåsen, onsdag 19. august kl. 17:30 – 19:00. 

– Me møtes ved Nygardsvegen 10, 5419 Fitjar og går i samla tropp (med 1 meter avstand) opp til leirplassen. Dette møtet blir for alle foresatte, medan borna får første samling onsdag 2. september.  

– Me gler oss til å starta opp att med speidar på Fitjar, og ønskjer alle velkommen til oppstartsmøte, skriv leiargruppa i ei pressemelding.