I kveld sette syklistane på biletet syklane sine på plass i hengaren som skal frakte dei til Rena. Laurdag står så Birkebeinerrittet 2011 for tur.

Tøffingane har slett ikkje teke skrekken etter i fjor. Då vart rittet eit strabasiøst gjørmebad for dei fleste, og vêrmeldingane framfor rittet i år lovar ikkje akkurat solskin.

Tidlegare i fjor var dei med i Nordsjørittet – og dette er berre gøy, får me vita.

Fitjarposten vil koma tilbake med resultat.