Kristoffer Tufteland skal leia årets båtkortesje. Foto: Privat

Ordførar Harald Rydland oppmodar båtfolket i Fitjar og omegn til å delta i båtkortesje frå Fitjar sentrum til Kråko på 17. mai.

Kortesjen vert leia av Kristoffer Tufteland i Saga-båten Zenith.

– Kristoffer Tufteland er ein habil sjømann som ferdast mykje rundt i Fitjarøyane i båten sin, fortel Rydland.

Med om bord i Zenith vert 2 av medlemene i Fitjar ungdomsråd; Julian Helland, som skal strømme den prominente ferda direkte via kyrkja sin You-tube-kanal, og Elisabet Rydland Sæbø som har fått jobben som kommentator på turen.

– Ho vil intervjue Tufteland om båtlivet og sjåverdige stader som båtkortesjen passerer på vegen.

Kortesjeruta vert som fylgjer:

  • – Start ved gjestebrygga ved Larsenkaien/Fitjarsjøen
  • – Passere Hegreneset
  • – Kryssing av Fodnaosen
  • – Går nord for Smedaholmen og vidare gjennom Smedasundet.
  • – Går på austsida av Gloppholmen
  • – Følger land på sørvest siden avLitle Eldøy
  • – Passerer Ilderfaret
  • – Til slutt endar ferda i Kråko.

Oppmøte ved Larsen-kaien/Fitjarsjøen kl. 12.15. Kortesjen startar kl. 12.30. Det vert høve til å hengje seg på undervegs.

– Vel møtt til både båtfolk til kortesje og tilskodarar på nett!